21 Den eine søyla var atten alner høg og tolv alner i omkrins. Ho var fire fingrar tjukk og hol.
22 Ho hadde eit søylehovud av bronse, som var fem alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Såleis var den andre søyla òg.
23 Nittiseks granateple hang fritt; i alt var det hundre granateple ikring på flettverket.
24 Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane.
25 Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, sju av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen.
26 Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla.
27 Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.