27 Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.
28 Dette er talet på dei som Nebukadnesar førte bort: i det sjuande styringsåret 3 023 frå Juda
29 og i det attande året 832 frå Jerusalem.
30 I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvakthovdingen, bort 745 judearar. Til saman var det 4 600 personar.
31 I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuefemte dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet.
32 Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon.
33 Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde.