8 Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.
9 Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen, som felte domen over han.
10 Babylonarkongen drap sønene til Sidkia medan faren såg på. Sameleis drap han alle hovdingane i Juda der i Ribla.
11 Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon. Der vart han halden fengsla til sin døyande dag.
12 Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste tenestemennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.
13 Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.
14 Og kaldearhæren som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.