11 Trur de at dette huset som ber mitt namn, er ei røvarhole? Eg òg kan sjå, lyder ordet frå Herren.
12 Gå berre til den heilage staden min i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den fyrste tid, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hjå folket mitt, Israel.
13 Og no, fordi de har gjort alle desse gjerningane, lyder ordet frå Herren, fordi de ikkje ville høyra endå eg tala til dykk seint og tidleg, og ikkje svara når eg ropa til dykk,
14 så vil eg gjera med dette huset som ber mitt namn, og som de set dykkar lit til – den staden som eg gav dykk og fedrane dykkar – like eins som eg gjorde med Sjilo.
15 Og eg vil støyta dykk bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims-ætta.
16 Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.
17 Ser du ikkje kva dei driv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem?