14 så vil eg gjera med dette huset som ber mitt namn, og som de set dykkar lit til – den staden som eg gav dykk og fedrane dykkar – like eins som eg gjorde med Sjilo.
15 Og eg vil støyta dykk bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims-ætta.
16 Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.
17 Ser du ikkje kva dei driv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem?
18 Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, og kvinnene knar deig og bakar offerkaker til Himmeldronninga, og dei renner ut drikkoffer for andre gudar; såleis krenkjer dei meg.
19 Det er ikkje meg dei krenkjer, seier Herren, men seg sjølve, så dei skal raudna av skam.
20 Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og min harme skal rennast ut over denne staden, over folk og fe, over trea i skogen og grøda på marka. Min harme skal brenna og ikkje slokna.