11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.
12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.
13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.
17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.