Johannes 10 N78NN

Eg er døra

1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.

2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene.

3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut.

4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.

5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.»

6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene.

8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.

9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite.

10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene.

12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre.

13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene.

14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,

15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene.

16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.

18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

19 No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt.

20 Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?»

21 Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»

Sonen og Faderen

22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter.

23 Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen.

24 Då flokka jødane seg om han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!»

25 Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg.

26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg.

28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand.

29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min.

30 Eg og Faderen er eitt.»

31 Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.

32 Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?»

33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»

34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar?

35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje.

36 Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son?

37 Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje.

38 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.»

39 Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira.

40 Så fór Jesus attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.

41 Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.»

42 Og det var mange der som kom til tru på Jesus.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21