1 Tredje dagen stod det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der,
2 og Jesus og læresveinane hans var òg bedne.
3 Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»
4 «Kva har du med mitt å gjera, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»
5 Mor hans sa då til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6 No stod det nokre vasskar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker.
7 «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.
8 Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Dei så gjorde.
9 Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen
10 og sa: «Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11 Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han.
12 Sidan fór han ned til Kapernaum saman med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
13 Det leid no til påskehelga åt jødane, og Jesus fór opp til Jerusalem.
14 På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.
15 Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,
16 og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!»
17 Då kom læresveinane hans i hug at det står skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg opp.
18 Då tok jødane til ords og spurde han: «Kan du syna oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?»
19 Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»
20 Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»
21 Men det templet han tala om, var lekamen hans.
22 Då han hadde stått opp frå dei døde, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
23 Medan han var i Jerusalem i påskehelga, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde.
24 Men Jesus trudde seg ikkje til dei, for han kjende dei alle.
25 Han trong ikkje til vitnemål frå andre om noko menneske, for han visste sjølv kva som budde i mennesket.