13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.
17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
19 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?»