23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.»
24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane,
25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?»
26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,
27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.»
28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!