44 Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.
45 Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har funne han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.»
46 «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.
47 Jesus såg Natanael koma bort imot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som det ikkje finst svik i.»
48 «Kvar kjenner du meg ifrå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.»
49 Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.»
50 «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.»