29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min.
30 Eg og Faderen er eitt.»
31 Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.
32 Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?»
33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»
34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar?
35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje.