1 Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.
2 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og turka føtene hans med håret sitt. No låg Lasarus, bror hennar, sjuk.
3 Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du har så kjær, er sjuk.»
4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Han er til Guds ære; han skal visa herlegdomen åt Guds Son.»
5 Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.
6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå to dagar der han var.
7 Då fyrst sa han til læresveinane: «Kom, lat oss fara attende til Judea.»