38 Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre.
39 «Ta steinen ifrå!» seier Jesus. «Herre,» seier Marta, syster til den avlidne, «det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen.»
40 Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»
41 Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg.
42 Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette for folket skuld som står her ikring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»
43 Då han hadde sagt det, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!»
44 Og ut kom den døde med føtene og hendene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»