1 Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.
2 Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han.
3 Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.
4 Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik han:
5 «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»
6 Dette sa han ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde pengepungen, og han tok av det som vart lagt der.
7 Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.