14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15 Ottast ikkje, Sions dotter!Sjå, kongen din kjemridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same; men då Jesus var herleggjord, kom dei i hug at dette var skrive om han, og at dei hadde helsa han så.
17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut or grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett.
18 Difor var det òg at folket drog ut til møtes med han; for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet.
19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda flyg etter han.»
20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida.