38 For det skulle oppfyllast, det ordet som profeten Jesaja har tala:Herre, kven trudde ¬bodskapen vår,og kven vart Herrens makt ¬openberra for?
39 Difor kunne dei ikkje tru; for ein annan stad seier Jesaja:
40 Han har gjort augo deira blindeog hjarta deira hardt,så dei ikkje skal sjå med augoog skjøna med hjartaog venda om, ¬så eg får lækja dei.
41 Dette sa Jesaja av di han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.
42 Likevel var det mange som trudde på han, jamvel av rådsherrane. Men dei ville ikkje kjennast ved det på grunn av farisearane, så dei ikkje skulle verta utstøytte or synagoga.
43 Dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud.
44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg.