47 Om nokon høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, så dømer ikkje eg han. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda.
48 Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, han har ein domar over seg: Det ordet eg har tala, skal døma han på den siste dagen.
49 For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Faderen som sende meg, han har gjeve meg påbod om kva eg skal seia og tala.
50 Og eg veit at det han vil med bodet sitt, er evig liv. Det eg talar, det talar eg så som Faderen har sagt meg.»