5 «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»
6 Dette sa han ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde pengepungen, og han tok av det som vart lagt der.
7 Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.
8 Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.»
9 Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus som han hadde vekt opp frå dei døde.
10 Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg,
11 for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.