7 Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.
8 Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.»
9 Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus som han hadde vekt opp frå dei døde.
10 Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg,
11 for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.
12 Dagen etter spurdest det i den store folkehopen som var komen til høgtida, at Jesus var på veg inn i Jerusalem.
13 Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa:Hosianna!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn,Israels konge!