13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.
14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre.
15 Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.
16 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.
17 No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
18 Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:Den som et mitt brød,syner meg hælen.
19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at «eg er Han».