17 No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
18 Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:Den som et mitt brød,syner meg hælen.
19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at «eg er Han».
20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»
21 Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!»
22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte.
23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus.