2 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han.
3 Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.
4 Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.
5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet.
6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»
7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»
8 «Aldri skal du vaska føtene mine,» seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,» svara Jesus.