25 Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: «Herre, kven er det?»
26 Jesus svara: «Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.» Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot.
27 Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»
28 Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette.
29 Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige.
30 Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.
31 Då han hadde gått, sa Jesus: «No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han.