11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.
12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen.
13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen.
14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
15 Elskar de meg, så held de boda mine.
16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:
17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk.