8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.»
9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen?
10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar.
11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.
12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen.
13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen.
14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.