1 Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall.
2 Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste.
3 Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg.
4 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk.
5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»
6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.