3 Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg.
4 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk.
5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»
6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.
7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.
8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er:
9 Synda er at dei ikkje trur på meg;