9 Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine.
10 Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei.
11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt.
12 Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast.
13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål.
14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda.
15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde.