13 Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.
14 Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
15 Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus.
16 Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestjenta som heldt vakt ved porten, og fekk Peter med seg inn.
17 I det same seier ho til Peter: «Er du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei,» svara han, «det er eg ikkje.»
18 Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde gjort opp ein koleld og stod og vermde seg. Peter òg vart ståande der saman med dei og vermde seg.
19 Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans.