30 Dei svara: «Var han ikkje ein brotsmann, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.»
31 «Ta han de,» sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.»
32 Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt, då han lét dei få vita kva slag død han skulle få.
33 Pilatus gjekk då atter inn i borga; han kalla Jesus fram for seg og spurde: «Er du kongen over jødane?»
34 Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?»
35 «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Folket ditt og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?»
36 Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.»