34 Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?»
35 «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Folket ditt og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?»
36 Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.»
37 «Så er du då konge?» sa Pilatus. «Du seier det,» svara Jesus. «Eg er konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.»
38 «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen.
39 Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?»
40 Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.