5 «Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg.
6 Då Jesus sa: «Det er eg», veik dei attende og fall til jorda.
7 Atter spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret,» svara dei.
8 «Eg har sagt dykk at det er eg,» sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!»
9 Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste.»
10 Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
11 Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»