13 Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata.
14 Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå, her er kongen dykkar!»
15 Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren,» svara overprestane.
16 Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.
17 Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei.
19 Pilatus hadde skrive ei innskrift og sett på krossen. Der stod det: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»