26 Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, det er son din.»
27 Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.
28 Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tyrst.»
29 Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans.
30 Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
31 Det var helgaftan, og dei døde måtte ikkje verta hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina måtte brytast på dei og lika takast ned.
32 Soldatane kom då og braut beina, fyrst på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.