1 Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava.
2 Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: «Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.»
3 Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava.
4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava.
5 Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava.
6 Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,