16 «Maria,» seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister.
17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»
18 Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
19 Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»
20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.
21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»
22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!