24 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom.
25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
26 Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»
27 Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!»
28 «Min Herre og min Gud!» sa Tomas.
29 Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»
30 Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.