1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk såleis til:
2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var i lag der.
3 Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil av og fiska.» «Vi går med, vi òg,» sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten; men den natta fekk dei ikkje noko.
4 Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han.
5 Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei,» svara dei.
6 «Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,» sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått.
7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.