12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren.
13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken.
14 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.
15 Då dei hadde halde måltid, sa Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svara han, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød lamma mine!»
16 Og han seier til han andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!»
17 Så seier han tredje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: «Held du av meg?» Og han svara: «Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød sauene mine!
18 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»