23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.
24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.
25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga.
26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»
27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.
28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han.
29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.