1 Farisearane fekk vita at Jesus vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.
2 I røynda var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans.
3 Då Jesus fekk høyra dette om farisearane, tok han ut frå Judea og fór til Galilea att.
4 Han laut fara gjennom Samaria,
5 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket Jakob gav Josef, son sin.
6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.