14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»
15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!»
17 «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus.
18 «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.»
19 «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna.
20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»