27 I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han tala med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han tala med henne.
28 Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:
29 «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?»
30 Då gjekk dei ut or byen og kom til han.
31 I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!»
32 Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»
33 Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?»