34 Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk.
35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten!
36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman.
37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar.
38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»
39 Mange av samaritanane frå den byen trudde på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.»
40 Då no samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hjå seg, og han vart verande der to dagar.