6 Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.
7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!»
8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat.
9 «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane.
10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.»
11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå?
12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?»