10 difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»
11 Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!»
12 «Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei.
13 Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der.
14 Seinare råka Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synda ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.»
15 Mannen gjekk, og han fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
16 Jødane tok til å forfylgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten.