16 Jødane tok til å forfylgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten.
17 Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag, og eg arbeider òg.»
18 Etter dette var jødane endå meir huga på å drepa han, ikkje berre fordi han braut sabbaten, men òg fordi han kalla Gud far sin og gjorde seg sjølv lik Gud.
19 Då tok Jesus til ords og sa til dei:Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins.
20 For Faderen elskar Sonen og syner han alt det han sjølv gjer. Og han skal syna han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk.
21 For liksom Faderen reiser opp dei døde og gjer dei levande, såleis gjer Sonen òg levande dei han vil.
22 Og Faderen dømer ikkje nokon, men han har gjeve all dom over til Sonen,