3 Der låg det ei mengd sjuke: blinde, lame og vanføre. Dei venta på at vatnet skulle rørast opp.
4 For ein Herrens engel fór frå tid til tid ned i dammen og rørte opp vatnet. Den fyrste som då steig nedi etter at vatnet var opprørt, vart frisk, kva sjukdom han så leid av.
5 No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år.
6 Då Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, sa han til han: «Vil du verta frisk?»
7 «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet vert opprørt; og medan eg er på vegen, stig ein annan uti føre meg.»
8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»
9 Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk.Det var ein sabbat dette hende;