38 og hans ord bur ikkje i hjarta dykkar, for den han sende, han trur de ikkje.
39 De granskar skriftene, fordi de meiner at de har evig liv i dei; og dei er det som vitnar om meg!
40 Men de vil ikkje koma til meg så de kan ha liv.
41 Eg tek ikkje imot ære av menneske;
42 men eg kjenner dykk og veit at de ikkje har kjærleiken til Gud i dykk.
43 Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, han tek de imot.
44 Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre, og ikkje søkjer ære hjå den einaste Gud?